Nestekjærleik

Ein dag i skogen eg fór på leit
ein maur eg møtte som gjekk og sleit
hans bør var ein broder arm.

Eg sa til mauren: Har det vært ran,
Du slit så tungt – kan vel slikt gå an?
Mauren svara: Samaritan.

Og så gjekk han opp og så gjekk han ned,
men tru han gav ikkje opp for det.
– Om broren leid, måtte han lida med.

Og så gjekk han fram og så gjekk han bak,
i bror sin heldt han eit kjærleg tak.
– Skulle broren døy; skulle dei døy i lag.

 

Tekst: Arnt Skjerve / Musikk: Heidi Skjerve

www.2l.no/2L.htm